Jesus og Maria

Da Jesus Kristus ble vår bror, kyrieleis,
da ble Maria vår egen mor,
vår Far ble ham som i himlen bor,
Jesus og Maria.

Utdrag frå salme av Børre A. Knudsen (1980), i «Lov Herren», St. Olav forlag, Oslo 2000

1. Større enn Josefs draumar


Elleve stjerner

Josef hadde endå ein draum og fortalde han til brørne sine. «No har eg hatt endå ein draum», sa han. «Sjå, sola og månen og elleve stjerner bøygde seg for meg.» Då han fortalde draumen til faren og brørne, irettesette faren han og sa: «Kva slag draum er det du har hatt? Skulle eg og mor di og brørne dine verkeleg koma og bøya oss til jorda for deg?» Brørne var misunnelege, men faren merka seg det han hadde sagt.

1. Mos 37, 9-11

Tolv stjerner

Det synte seg eit stort teikn på himmelen: ei kvinne sveipt i sola, med månen under føtene og med ein krans av tolv stjerner på hovudet.

Op 12, 1

Lat oss ikkje vere misunnelige som Josefs brør, men prise henne sæl, Maria, full av nåde! Luk 1,48

Statue av Maria i Vår Frues katedral av Strasburg (1859)

2. Å vere der Jesus er

«Christ at 33» av Heinrich Hofmann

Ligg Jomfru Maria i ei grav og ventar på oppstoda frå dei døde, eller er ho saman med Jesus?

Han er jo ikkje ein Gud for døde, men for levande:

  • Gud åt Abraham, Isak og Jakob
    (Jesus i oppgjer med saddukearane som ikkje trudde på oppstoda frå dei døde, Matt 22,32)
  • Gud åt Moses og Elia
    (Jesus saman med Moses og Elia i Guds herlegdom på fjellet, Matt 17,1-3)

Dette vert til saman fem personar frå Den gamle pakt som Jesus sjølv stadfesta har del i Guds herlegdom. Og Jomfru Maria?

  • Gud åt Jomfru Maria, i alle slekter
    (vi skal prise henne sæl; i vårt slektsledd må ho vere i Guds herlegdom, Luk 1,28.48-49).

Les vidare →

3. Surrogatmor eller gudføderske?

jesus_and_maryMange handsamar Jomfru Maria som ei surrogatmor, ei som «måtte vere med» for at Jesus skulle bli fødd inn i tida. Noko utover dette skulle ho då altså ikkje hugsast for.

Denne iveren etter å verne den heilage Jesus mot den jordiske Maria utgjer eit åtak på Theotokos, ho som fødde Gud. På kyrkjemøtet i Efesus 431 vart det avklara at Jesus er éin person, fullt ut Guds Son og fullt ut Menneskesonen, i Himmelen, som óg på jorda. Jomfru Maria fødde ikkje ein «natur». Ho fødde ein «person». Denne personen er Gud. Difor vart Jomfru Maria med rette kalla Theotokos, Gudføderske.

  • Dersom det ikkje var slik, at Maria fødde Gud, så var der ikkje «dekning på konto» då Jesus sona for syndene våre hengjande på ein kross.
  • Dersom Jesus ikkje var Menneskesonen, Maria sin kjødelege son, så var det ikkje menneska sine synder som vart sona av Jesus hengjande på ein kross.

Les vidare →

4. Vår Herre Jesus Kristus — i Herrens mor

Var Jomfru Maria prega av menneskeslekta si synd og skuld då ho fødde vår Herre Jesus Kristus?

Mange trur at Den Heilage Ande let Herrens mor, Jomfru Maria, vere under Guds vreide med ein syndig menneskenatur samstundes som han let vår Herre Jesus Kristus få sin menneskelege natur i hennar morsliv.

I Den athanasianske truvedkjenninga vert vi utfordra til å tenkje Jesus sine to naturar heilt til endes.

Les vidare →

5. Ein gong var bein og kjøt skapt «ubesmittet»

«Eg vil setja fiendskap mellom deg og kvinna, mellom di ætt og hennar ætt.» 1. Mos 3,15

I ei av skapingsforteljingane vert Eva teken av eit sidebein frå Adam.

Medan mannen sov, tok Herren Gud eit sidebein og fylte att med kjøt. Av sidebeinet han hadde teke frå mannen, bygde han ei kvinne, og han førte henne til mannen. Då sa mannen:
«No er det bein av mine bein og kjøt av mitt kjøt.
(1. Mos 2, 21-23)

Som mann kan ein kjenne seg litt brydd i møte med ei slik skapingsforteljing…

Lat oss då sjå føre oss korleis det kunne vere i ein særskild heim i byen Nasaret ved byrjinga av vår tidsrekning: Maria sit og held om barnet på fanget sitt. Ho stryk det kjærleg over det vesle hovudet. Med full rett seier ho: «Min Jesus! Min kjære Jesus!» Og etter ei stund held ho fram, i stille undring:

Dette er bein av mine bein og kjøt av mitt kjøt.

Jesus som sat på fanget til mor si, og som er i fanget til Far (Joh 1,18), vert rekna for å vere den siste Adam (1. Kor 15,45). Må ikkje Maria då fylle Eva sin plass?

Den første Adam og den første Eva vart skapt «ubesmittet» av synd. Sjølvsagt. Skulle ikkje den siste Eva også få bli boren fram «ubesmittet»? Har Gud ikkje lov å gjere som Han vil med det som er hans? Eller ser vi med vonde auge på at Han er god? [Matt 20,15]

6. Elske Gud av heile sitt hjarte


Mange trur at katolske og ortodokse kristne gjev Jomfru Maria ein plass som berre høyrer Gud til. Vi skulle jo elske Gud av heile vårt hjarte og då er der ikkje plass til nokon ved sidan av. Kva vil det då seie å elske Gud av heile sitt hjarte?

Å dele utan at noko minkar

Dersom det å elske Gud av heile sitt hjarte (Matt 22,37) tilsvarar 100 prosent, er der ingen prosent tilbake til å elske sin neste (v.38), for ein gift mann heller ikkje til å elske ektefellen sin. Vi kan altså ikkje elske Gud 100 prosent og så elske nesten vår innanfor dei same 100 prosent.

Takk og lov, så er ikkje det å elske Gud ein kvantitet, men ein relasjon, saman med Jomfru Maria, ei deling som aldri inneber at noko minkar! Etter den kvantitative tenkjemåten vert ein sjokolade mindre og mindre i kvart stykke kvar gong han vert delt. I kjærleiken sine relasjonar vert ingenting mindre. Kjærleiken vert delt — og vidar seg ut til nytt liv, i Guds heilage familie, med Jesus og Maria.

Berre prøv: del eit smil med det første mennesket du møter! Vart det «mindre smil» etterpå, vart det «brukt opp»? 🙂

7. Han tok bustad i henne

Sjå, frå no av skal alle slekter prise meg sæl, for store ting har han gjort mot meg, han, den mektige; heilagt er hans namn (Luk 1,48-49).

Ver helsa, Maria, full av nåde!
Herren er (framleis) med deg. Eg prisar deg (framleis) sæl.
Du bar Ordet i din kropp og i ditt hjarte.
Du lengtar etter at eg lærer å skrive Jesus i mitt hjarte og i min kropp.
Eg lengtar etter Kyrkja som har plass til deg ved bordet — saman med Ordet.
Be for meg, kjære Mor, medan eg ventar!

Herren har valt ut Sion,
henne vil han ha til bustad:
«Dette er min kvilestad for all tid,
her vil eg bu, for henne vil eg ha.»
Sal 132,13

Høyr, Maria! Du skal bli med barn og få ein son,
og du skal gje han namnet Jesus.
Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.
Luk 1,31-32a

Og Ordet vart menneske
og tok bustad mellom oss.
Joh 1,14

8. På mitt hjarte — Jesus ifrå Nasaret

Utsnitt av «Guddommeleg miskunn», måla etter oppmoding frå Faustina Kowalska. Fleire utgåver.

Skriv deg Jesus på mitt hjerte,
du min konge og min Gud,
at ei lyst ei heller smerte,
deg formår å slette ut!
Denne innskrift på meg sett:
Jesus ifra Nasaret,
den korsfestede, min ære
og min salighet skal være.

Thomas Kingo 1689