Vår Herre Jesus Kristus — i Herrens mor

Var Jomfru Maria prega av menneskeslekta si synd og skuld då ho fødde vår Herre Jesus Kristus?

Mange trur at Den Heilage Ande let Herrens mor, Jomfru Maria, vere under Guds vreide med ein syndig menneskenatur samstundes som han let vår Herre Jesus Kristus få sin menneskelege natur i hennar morsliv (hos henne tilegner seg den menneskelige natur1).

I Den athanasianske truvedkjenninga vert vi utfordra til å tenkje Jesus sine to naturar heilt til endes.

Altså er det den rette trua, at vi trur og vedkjenner oss at vår Herre Jesus Kristus, Guds son, er Gud og menneskje:

Gud, fødd av Faderen sitt grunnvesen før verda vart til, og menneskje, fødd av mora sitt grunnvesen i verda…Men endå han er Gud og menneskje, er han likevel ikkje to, men éin Kristus. Éin, likevel ikkje ved guddomen si omskaping til kjøt, men ved menneskjevesenet si opptaking i Gud. I det heile éin, ikkje ved samanblanding av grunnvesen, med ved einskapen i personen.

Utdrag frå Den athanasianske truvedkjenninga, omsetj. S. Normann

Fødd av mora sitt grunnvesen i verda

Kan Jesus vere ein øvsteprest, prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd (Hebr 4,15) og samstundes fødd av ei syndig mor? Nei! Dersom Jesu menneskenatur hadde vore sidestilt med ein syndig natur i mor hans, då hadde sonofferet
• anten ikkje vore fullt ut menneske (berre Guds natur utan sameining med Maria sin menneskenatur)
• eller så var det ikkje utan feil (men sameina med mora si synd og då ikkje lenger noko sonoffer sidan det ein skal sone for er likt med det ein sonar med)

Den saligste Jomfru Maria ble, fra det første øyeblikk av sin unnfangelse, ved en særlig nåde og gunst fra den allmektige Gud, med henblikk på Jesu Kristi, menneskeslektens frelsers fortjenester, bevart ubesmittet av den opprinnelige synds flekk. (Pave Pius 9 i 1854)

I det minste lyt ein tilkjenne Jomfru Maria dei gode som er stilt til utsikt for alle Guds born, etter Efesarbrevet 1,4-6:

I Kristus valde han oss [Maria] ut
før verda vart grunnlagd,
til å stå for hans andlet,
heilage og utan feil [ubesmittet].
I kjærleik og etter sin eigen gode vilje
avgjorde han på førehand [før ho vart unnfanga]
at vi skulle få rett til å vera hans born ved Jesus Kristus,
til lov og pris for hans herlegdom og nåde,
som han så rikeleg [full av nåde] gav oss [Maria]
i han som han elskar så høgt. (Etter Ef 1,4-6)

Lenger fram lyt ein erkjenne at Herrens mor vart verna mot å falle i synd, ved å få del i nåden frå krossen på førehand, liksom Abraham vart tilkjend Guds rettferd frå krossen på førehand (1.Mos 15,6). Abraham vart tilkjend Guds rettferd, Jomfru Maria vart gjort rettferdig for Gud. Er ikkje det nåde over nåde – full av nåde – gratia plena?

Der finst ingen godtruande grunnar til at Maria først skulle vere «Eva» som førte døden inn i verda, og så brått verte transformert til å vere Maria som førte Livet inn i verda. Maria måtte vere «Maria møy, den reine», frå ho vart unnfanga og fram til ho vart lyft opp i herlegdom.

— Ver helsa, Maria, full av nåde! Velsigna er frukta i ditt morsliv (Luk 1,28.42), J E S U S!

— Takk, Jesus, min Herre og min Gud, for ho som er velsigna blant kvinner, Jomfru Maria!

1.«…at Guds Sønn hos henne [denne opphøyede Sions datter] tilegner seg den menneskelige natur, for å frelse mennesket fra synden ved det han virket i sitt kjød.» Vatikan 2, Lumen gentium 55