Å vere der Jesus er

«Christ at 33» av Heinrich Hofmann

Ligg Jomfru Maria i ei grav og ventar på oppstoda frå dei døde, eller er ho saman med Jesus?

Han er jo ikkje ein Gud for døde, men for levande:

  • Gud åt Abraham, Isak og Jakob
    (Jesus i oppgjer med saddukearane som ikkje trudde på oppstoda frå dei døde, Matt 22,32)
  • Gud åt Moses og Elia
    (Jesus saman med Moses og Elia i Guds herlegdom på fjellet, Matt 17,1-3)

Dette vert til saman fem personar frå Den gamle pakt som Jesus sjølv stadfesta har del i Guds herlegdom. Og Jomfru Maria?

  • Gud åt Jomfru Maria, i alle slekter
    (vi skal prise henne sæl; i vårt slektsledd må ho vere i Guds herlegdom, Luk 1,28.48-49).


Det var naturlegvis uaktuelt å vere i Guds herlegdom så lengje Jomfru Maria levde i det jordiske liv. Jesus overlet openberringa av dette til apostelen Johannes, som i sin store visjon såg «ei kvinne sveipt i sola, med månen under føtene og med ein krans av tolv stjerner på hovudet.» (Op 12,1) Visjonen inneheldt både Jomfru Maria si oppgåve med å bere fram «eit gutebarn som ein gong skal styra alle folkeslag med jernstav» (v.5) og hennar kroning med «ein krans av tolv stjerner på hovudet».

Ikkje ei gudinne, men i Guds herlegdom

Jomfru Maria er ikkje ei gudinne, ho er eit menneske. Nettopp som eit menneske har Gud lyft henne høgt opp til glede og takksemd for alle som vil høyre Jesus til.

Og kven, spør eg, kunne tru at heilagdomsarka, bustaden åt Guds Ord, tempelet åt Den Heilage Ande, kunne bli lagt i ruinar? Mi sjel er fylt av gru ved tanken på at dette jomfruelege kjøtt som hadde fødd Gud, hadde ført han inn i verda, hadde gjeve han næring og bore han, kunne blitt gjort om til aske eller gjeve over til å vere mat for ormar.
St. Robert Bellarmine


— Lat oss takke vår Herre Jesus for Jomfru Maria, Han som ikkje skjemmest over å kalle oss sysken (Hebr 2,11).

Guds paktsfamilie er fullkomen, manglar ingenting. Kyrkja ser på Gud som far, Jesus som bror og himmelen som heim. Kva manglar då? Faktisk ingenting. Kvar familie treng ei mor, berre Kristus kunne velje si eiga, og han valde forutsjåande for heile sin paktsfamilie. Alt han har, deler han med oss. Hans guddommelege liv er vårt, heimen hans er vår heim, far hans er vår far, brørne hans er våre brør og mor hans er også vår mor.
Dr. Scott Hahn