Surrogatmor eller gudføderske?

jesus_and_maryMange handsamar Jomfru Maria som ei surrogatmor, ei som «måtte vere med» for at Jesus skulle bli fødd inn i tida. Noko utover dette skulle ho då altså ikkje hugsast for.

Denne iveren etter å verne den heilage Jesus mot den jordiske Maria utgjer eit åtak på Theotokos, ho som fødde Gud. På kyrkjemøtet i Efesus 431 vart det avklara at Jesus er éin person, fullt ut Guds Son og fullt ut Menneskesonen, i Himmelen, som óg på jorda. Jomfru Maria fødde ikkje ein «natur». Ho fødde ein «person». Denne personen er Gud. Difor vart Jomfru Maria med rette kalla Theotokos, Gudføderske.

  • Dersom det ikkje var slik, at Maria fødde Gud, så var der ikkje «dekning på konto» då Jesus sona for syndene våre hengjande på ein kross.
  • Dersom Jesus ikkje var Menneskesonen, Maria sin kjødelege son, så var det ikkje menneska sine synder som vart sona av Jesus hengjande på ein kross.

Den som vil ære vår Herre Jesus Kristus må óg glede seg over den velsigna frukt som Herrens mor fekk bere fram. Treet kjenner ein på frukta (Luk 6,44).

Maria er ikke mor til Jesu guddommelighet, men mor til Jesus, som er guddommelig. (Robert Barron)1

Redsle for Theotokos er ånda til Antikrist som ikkje vedkjenner at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod. Ei slik ånd er ikkje av Gud (1.Joh 4,2-3).

Er Maria framleis sæl? Korleis skal vi — i vår slekt — prise henne sæl?

Ho som bar Ordet i sitt morsliv (Joh 1,14) vil lære oss å grunne på Ordet i våre hjarte (Luk 2,19). Lat oss ikkje gløyme å prise henne sæl!

Men ingen skyna kor rik ho var
den sæle møy som hans guddom bar,
ho hadde Himmerik i sin famn;
so stor ei lukka er utan namn.

Utdrag av «A solis ortus cardine», Sedulius 400-t, omsetj. Ragnhild Foss 1938


1. Robert Barron, Katolisisme. En reise til troens hjerte, St. Olav forlag, Oslo 2014, s. 100. Originalutg. Catholicism. A Journey to the Heart of the Faith, New York 2011.
Meir utførleg i første brev frå Kyrill til Nestorius i 430, i førekant av kyrkjemøtet i Efesus 431, engelsk omsetjing: «The holy Fathers…ventured to call the holy Virgin, the Mother of God, not as if the nature of the Word or his divinity had its beginning from the holy Virgin, but because of her was born that holy body with a rational soul, to which the Word being personally united is said to be born according to the flesh.» Internet History Sourcebooks