Ein gong var bein og kjøt skapt «ubesmittet»

«Eg vil setja fiendskap mellom deg og kvinna, mellom di ætt og hennar ætt.» 1. Mos 3,15

I ei av skapingsforteljingane vert Eva teken av eit sidebein frå Adam.

Medan mannen sov, tok Herren Gud eit sidebein og fylte att med kjøt. Av sidebeinet han hadde teke frå mannen, bygde han ei kvinne, og han førte henne til mannen. Då sa mannen:
«No er det bein av mine bein og kjøt av mitt kjøt.
(1. Mos 2, 21-23)

Som mann kan ein kjenne seg litt brydd i møte med ei slik skapingsforteljing…

Lat oss då sjå føre oss korleis det kunne vere i ein særskild heim i byen Nasaret ved byrjinga av vår tidsrekning: Maria sit og held om barnet på fanget sitt. Ho stryk det kjærleg over det vesle hovudet. Med full rett seier ho: «Min Jesus! Min kjære Jesus!» Og etter ei stund held ho fram, i stille undring:

Dette er bein av mine bein og kjøt av mitt kjøt.

Skulle ikkje den siste Eva også få bli boren fram «ubesmittet»?

Jesus som sat på fanget til mor si, og som er i fanget til Far (Joh 1,18), vert rekna for å vere den siste Adam (1. Kor 15,45). Må ikkje Maria då fylle Eva sin plass?

Den første Adam og den første Eva vart skapt «ubesmittet» av synd. Sjølvsagt. Skulle ikkje den siste Eva også få bli boren fram «ubesmittet»? Har Gud ikkje lov å gjere som Han vil med det som er hans? Eller ser vi med vonde auge på at Han er god? [Matt 20,15]

Det gamle testamentet Det nye testamentet
Adam: skapt utan synd Jesus: unnfanga utan synd
Eva: skapt utan synd Maria: unnfanga utan synd
Brant Pitre: Jesus and the Jewish Roots of Mary, Image / Penguin, New York 2018, s. 37