«Jamen, ho er jo berre eit vanleg menneske»

«Jamen, ho er jo berre eit vanleg menneske.» — Dette er truleg den mest vanlege innvendinga ein høyrer når det vert snakk om Maria, Jesu mor. Ein evangelisk kristen uttrykte seg slik:

Bibelens referansar til Maria gjer det klart at hennar spesielle rolle i praksis enda med Jesu fødsel. Ho var i fokus på grunn av Jesus, ikkje fordi ho var det den romersk-katolske kyrkja trur. Evangelistane ser ikkje ut til å vere overveldande interessert i Maria etter Jesu fødsel… Å gjere så mykje ut av så få og små referansar vert å klynge seg til halmstrå.

Denne websida er ei lita samling Maria-tankar. Målet er å vekkje til ettertanke i ein utprega protestantisk kultur med omsyn til ho som alle slekter skal prise sæl. (Luk 1,48)

La Inmaculada Concepción, Madrid, Museo del Prado