Til fordjuping

Det var éin ting som irriterte meg etter ein utanlandstur til Hellas for ein del år tilbake: Dei ortodokse kristne gav så mykje merksemd til Jomfru Maria. Korleis kunne dei forsvare det, når det står nesten ingen ting om henne i evangelia?

Heime igjen i dei daglege gjeremål bestemte eg meg for å finne meir ut av dette. Sidan eg hadde vore i eit område for dei ortodokse søkte eg opp ein slags ortodoks wikipedia om temaet. Eg fann eit lengre dokument, omlag 25 A4-sider, som eg lasta ned, skreiv ut og gjorde klar til nærare fordjuping. Ein ledig kveld dukka opp og eg vart sitjande bøygd over artikkelen til langt på natt.

– Hm, tenkte eg etterpå, no forstår eg i alle fall litt meir av korleis dei tenkjer, utan at det skal få nokon følgjer for mitt trusliv.

Dagen etter, etter ei teneste på kyrkjegarden, kom eg gåande ilag med kyrkjetenaren ut til der bilen stod parkert. Hadde framleis på meg kleda for tenesta på kyrkjegarden. Brått kjem ein bil inn på parkeringsplassen. Sjåføren parkerer midt på plassen, stig ut av bilen og seier litt oppskaka: «Når eg no ser presten her, så må eg få fortelje at sist vesle-julaftan, så viste Jomfru Maria seg for meg heime i eit hus på garden min.»

– Hm, kva er dette? Er han i psykisk ubalanse?

Eg prøvde å ta han på alvor. Litt etter litt opna han seg og snakka fortruleg. Etter kvart overbevisste han meg om at han hadde hatt eit særskild møte med Jomfru Maria, i det same området eg budde.

– Hm, kva var dette? Kor mange gongar har nokon fortalt meg om eit møte med Jomfru Maria i løpet av mitt liv? Ikkje ein einaste gong, som eg kan hugse. Kvifor skulle dette hende dagen etter at eg hadde site og studert i fleire timar om Jomfru Maria? Hadde Himmelen også engasjert seg i studiene mine?

Noko var i ferd med å endre seg. Eg måtte tydelegvis vere meir open for andre sine måtar å oppleve og forstå Jomfru Maria på. Kanskje var ikkje mine erfaringar og mi innsikt på så trygg bibelsk grunn som eg hadde trudd?

Til fordjuping, 12 youtube-minutt ved Sancte Alphonsus/Kolbe:
Mary in the Bible

Til fordjuping, 25 sider frå orthodoxinfo.com:
Veneration of the Virgin Mary

Til fordjuping: Jesus først
1. Trur du at Guds Son var fødd i verda med kjøtt og blod, som eit fullverdig menneske?
— Eller er du doketiker?1
2. Trur du at når Jesus tala i sitt jordeliv, så var det den evige Gud som var subjekt og ikkje berre eit menneske med Guds Ande i seg?
— Eller er du nestorianer?
3. Trur du at den guddommelege Jesus tok vare på sin menneskenatur etter jordeliv og oppstode i staden for å assimilere og utslette den?
— Eller er du monofysitt?

Kyrkja vedkjenner at Jesus er, på udeleleg vis, både sann Gud og sant menneske. Han er i sanning Guds Son blitt menneske, vår bror, uten å opphøyre å vere Gud, vår Herre.

Tenk, Guds Sons guddommelege person tok den menneskelege natur opp i seg og gjorde den til sin, allereie då Han vart unnfanga.2 Og han seier om seg sjølv, som den oppstandne: «Eg er Jesus frå Nasaret» (Apg 22,8).
Merkar du ikkje ei aldri så lita tilknyting til Herrens eigen person i desse orda, på tross av vår avgrensa og feilande menneskenatur?
Er det ikkje på tide å bli kjend med Mor til Mannen frå Nasaret?
Ho har bore Den andre personen i treeininga i sitt morsliv.
Vi skuldar å prise henne sæl, og det er ikkje noko vi bør vente med.


1. Nærare utgreiing om ulike vranglærer i Kyrkja si første tid kan ein finne her: Sann Gud og sant menneske.
2. «Den menneskelige natur er blitt opphøyet til en uforlignelig verdighet også i oss, ved det faktum at han tok på seg denne natur, ikke opptok den i seg.» (Pave Johannes Paul II i Redemptor Hominis, norsk omsetjing, Menneskenes Frelser, St. Olav forlag, Oslo, 1979, s. 19.) Ordlyden synest stå i strid med Katekismen sin ordlyd, avsnitt 466: «Kristi menneskelighet har intet annet subjekt enn Guds Sønns guddommelige person som tok den opp i seg og gjorde den til sin, allerede ved unnfangelsen.» JPII er truleg i dette tilfellet oppteken av å avgrense seg mot assimilering, sjå ovanfor.