Til fellesskap

I dag har jeg gått rundt og tenkt på hvordan jeg som protestant forholdt meg til Maria som «Problemet Maria», «Hun-hvis-navn-ikke-må-nevnes». Hvorfor var jeg så irritert på dem som brydde seg om henne? Hvorfor opplevde jeg det truende når noen var glade i henne? Hvorfor var jeg så redd for å nærme meg henne?
Min erfaring er entydig at Maria hjelper meg å bli enda mer glad i Jesus, og til å åpne meg enda mer opp for Gud, slik hun åpnet seg helt for Gud. Lovet være du, gode Gud, for din Maria!

Ragnhild H. Aadland Høen,
tidlegare protestant, no tilhøyrande Den katolske kyrkja

Herre, Jesus Kristus!

Eg kjem til deg med «problemet Maria».
Mange drøymer om større einskap mellom dine, og mange trur ikkje på einskap før alle har vendt seg bort frå «Ho-viss-namn-ikkje-må-nemnast».
Tenk om det er motsett! — Det blir ikkje einskap før vi alle samlar oss om henne som fødde din heilage kropp inn i verda og helsar henne full av nåde — du Herre, er jo med henne!

Herre, av og til tenkjer eg på korleis mange truande spontant avviser «ho», mor til min Herre. Sjølv om dei snakkar varmt både om Guds ord og Den Heilage Ande vert «ho» opplevd som ei avsporing i deira trusliv.

Var ikkje Jomfru Maria åndsfylt i same sekund du vart unnfanga i henne? Har noko menneske vore meir åndsfylt — av Den Heilage Ande — enn ho som vart mor til deg? Og det må vel vere akkurat her avsporinga har skjedd og ført mange kristne forsamlingar langt bort frå den einskapen du ville vi skulle ha i deg. Så lengje ein trur det går an å vere åndsfylt utan at Anden grip inn i den lekamen som skal stå opp frå dei døde, ja, så er det jo berre den gamle Antikrist1 som herjar.

Korleis kan ein hoppe over dette faktum, at du låg i Jomfru Maria sitt morsliv i ni månader, unnfanga ved Den Heilage Ande? Var du liksom ikkje «ordentleg Gud» enno? Måtte du bli vaksen først og døypt av Johannes? Ja, det var vel det dei trudde adoptianarane, nokre villfarne som heldigvis vart avslørt tidleg i Kyrkja si historie. Men du, Herre, var salva allereie då Simeon tok deg i armane sine, med takk og tilbeding.

Vismennene knelte for deg, eit nyfødt barn. Eg kan ikkje tru Maria skunda seg vekk frå deg, gjekk utanfor, slik at ho ikkje skulle kome i vegen for vismennene si tilbeding. Det var nettopp hennar høge kall å ta vare på deg då du var eit nyfødt barn på hennar fang. — Ja, den som kunne våge å nærme seg Deg utan først å skyve vekk ho som tok imot deg! De to høyrer jo saman, så sant det var oss menneske du Herre ville kome og vere ilag med, i eit evig fellesskap.

Eg må jo innrømme at i dei fleste år av mitt liv har eg også vore blant dei som avviste Jomfru Maria. Og her kjem vi igjen til det som har med einskap blant dine å gjere. Mor til min Herre var på ein måte ikkje nødvendig til frelse, etter det vi hadde lært. Og dermed vart ho «i vegen», når vi skulle vise deg ære og tilbe Deg.

Sjølv om eg har blitt veldig glad i Jomfru Maria, så kan eg framleis, av og til, kjenne på den gamle redsla over å handsame mor til min Herre som ein avgud. Men ho er jo ingen avgud, men mor til min Gud. Eg vil ikkje lenger vente, Herre Jesus, til «ho» har kome seg ut av horisonten før eg kan tilbe deg; det ville vere ei fornærming mot deg som valde akkurat henne til sjølve Immanuel-teiknet, Gud-med-oss.

Det er Du, Herre, som er Den evige Gud. Jomfru Maria er eit høgt elska menneske, eit menneske du både ville døy for og ha til mor. Difor er det så sterkt for meg å vite at du let dette mennesket på ein slik måte vere nær deg, på jorda, som óg framleis i Himmelen. Gjennom Jomfru Maria har eg lært så mykje om korleis Di kyrkje er og dei vakre gjerningane du gjev henne å gjere, rettferdige gjerningar!

Lat oss glede oss og juble og gje han ære! For tida er komen då Lammet skal halde bryllaup. Brura har gjort seg klar, og det er gjeve henne ei drakt av skinande reint lin. Linet er dei rettferdige gjerningane til dei heilage. Op 19,7-8

Skal det bli einskap blant dine, Herre, må alle lemmene på din kropp takke og glede seg over ho som fødde din heilage kropp inn i verda vår. Eg bed deg, Herre, at du gjennom Maria, ho-viss-namn-eg-gjerne-nemner, viser oss Di sanne kyrkje, kor vakker ho er og kor nær ho er!

Herre, du er nær. Eg vil ikkje vere uroleg for noko, men legg alt eg har på hjartet, fram for deg i bøn og påkalling med takkseiing.

Edin Løvås:
Jeg vil oppfordre mine venner til å vende et blad. Be helt enkelt Gud om å befri deg både fra katolikkskrekken og Mariafrykten. Noen smiler av dette. Den slags frykt har de ikke, men let innerst inne i sjelen, så finner du den nok. Den er pumpet inn i de aller fleste.
Ta deg så en real bønnestund og takk Gud for jomfru Maria, Jesu mor. «Guds mor,» sier våre katolske venner. Gjør som Skriften sier: Hyll henne! Pris henne!

Et menneske i Kristus, Oslo 1995

Pater Ole Martin Stamnestrø:
I troens vev henger alt sammen, og Maria er ikke hva vi ville kalle en perifer skikkelse. Hun står trygt plantet helt inntil sentrum. Derfor burde hun være felles for alle kristne. La oss be om at alle kristne vil motta sannheten om Maria, slik at sannheten om hennes Sønn kan utbres.

Morgenstjernen på himmelen, www.katolsk.no 2017.


1 I nokre forsamlingar vert Kristus forkynt som ei ånd, med ei sjel, buande i ein kropp. Det eigentlege mennesket er då ei ånd og kroppen berre eit hus. Ein blandar saman den syndige menneskenaturen som står Guds Ande imot og den kroppen som er såra av synda og treng frelse. Dette er ei svært gammal villfaring og dukkar framleis opp i ulike utgåver. Gudsordet lærer oss: «På dette kjenner de Guds Ånd: Kvar ånd som vedkjenner at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud. Men kvar ånd som ikkje vedkjenner Jesus, er ikkje av Gud. Det er ånda til Antikrist, som de har høyrt skal koma. Og den ånda er alt no i verda.» 1. Joh 4,2-3. Sjå også Luk 24, 36-43; Joh 6, 53-58.