Til undring

Vår Frue på fjellet. Jesusbarnet er i armane til Vår Frue. På den eine sida av Vår Frue er Frans av Assisi, på den andre er Dominikus.

Vår Frue av Las Lajas

I 1754 kom Maria Mueses de Quinones, ei indiansk kvinne frå landsbyen Potosi, Colombia, og hennar døvstumme datter Rosa ut for ein sterk storm. I ei kløft søkte dei ly mellom svære heller (lajas). Til Maria si overrasking ropte Rosa – første gangen Maria høyrde dattera snakke: «Mestiza ropar på meg …» Rosa skildrar figurar av ei kvinne og eit barn, men Maria kan ikkje sjå dei og oppskremt hastar ho tilbake til Ipiales med dattera og fortel dette til folket i landsbyen.

Etter seinare å ha kome tilbake til staden, såg Maria ei openberring av Vår Frue og Barnet. Nokre månadar seinere døydde Rosa og kom tilbake til livet då mor hennar bad ved hellaren. Folket i landsbyen kom for å sjå denne staden og oppdaga eit mirakuløst bilde brent inn i fjellet.1

Fargar i fjellet, i fleire fots djubde

Kven sette opp dette bildet? Målaren har aldri blitt identifisert. Testar som vart utført då dei bygde kyrkja viser kor utruleg dette bildet er. Geologar frå Tyskland bora og tok prøver fleire stader i bildet. Der er ikkje noko maling, ingen fargestoff eller noko anna pigment på overflata av fjellet. Fargane er frå sjølve fjellet. Fjellet er til overmål farga fullkome til ei djubde på fleire fot.2

Dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom. Joh 11,40

Mariaopenberringar

Ved å tilhøyre ein protestantisk kultur har vi høyrt lite om ulike Mariaopenberringar som har funne stad. Nedanfor følgjer linkar til katolsk.no for nokre av dei mest kjende openberringane. Mange av dei katolske omgrepa vil vere framande for protestantar, men kallet til omvending bør vere gjenkjenneleg: