Om

Korleis kunne det hende meg at mor til Herren min kjem til meg? Luk 1,43.

Under eit skriftstudium ein januardag i 2012 fekk eg del i Elisabet si glede (Luk 1,43): mor til Herren min kom til meg. Etter dette har eg ikkje vore i stand til å slå meg til ro i noverande liv og teneste. — Korleis kunne det hende meg at mor til Herren min kom til meg?

Eg er prest i ei luthersk folkekyrkje omlag 500 år etter reformasjonen. Gamle steinar både av kjære trussanningar og antidogmer mot Maria har eg snudd på og undersøkt siste åra. Hjørnesteinen er framleis Jesus Kristus og grunnvollen er apostlane og profetane (Ef 2,20).

Gjennom Jomfru Maria har eg oppdaga ei heilt ny verd av det teologane kallar inkarnasjon og realpresens. Frå sin unike posisjon vitnar Jomfru Maria om kva det inneber å ha ein relasjon til Jesus og vere ein del av Guds familie – på begge sider av grava.

Dette har gjeve meg ei lengsle etter å høyre til eit kyrkjeleg fellesskap som gjev Herrens mor den plass Den heilage skrifta skildrar for oss. Eg har såleis lært mykje av den kyrkja som av andre grunnar vert kalla Moderkyrkja.

Innan ein del ting vert meir avklara har eg ikkje høve til å opne for debatt på denne websida. Ser fram til å ha ein open blogg når tida er inne til det.1

Kjell-Roger Isene,
seniorprest i Dnk


1. Det er mogleg å ta kontakt via epost [kjellroger alfakrøll yahoo punktum no]. Lovar ikkje å svare, men vil prøve dersom familie- og arbeidsliv tillet det. Dersom det går på ulike spørsmål om Maria og Bibelen kan det hende der er nyttige tankar å finne hos CatholicBridge.com, ei katolsk side. Vi som har halde oss til «Skrifta åleine» har lært å setje parentesar rundt mange delar av Skrifta, ut ifrå kva som er nødvendig til frelse. Katolske kristne har verna om tekstane og veit å løfte dei fram for oss, slik at vi kan nå fram til ein fullnad av frelse. Er ikkje det flott?