7. Han tok bustad i henne

Sjå, frå no av skal alle slekter prise meg sæl, for store ting har han gjort mot meg, han, den mektige; heilagt er hans namn (Luk 1,48-49).

Ver helsa, Maria, full av nåde!
Herren er (framleis) med deg. Eg prisar deg (framleis) sæl.
Du bar Ordet i din kropp og i ditt hjarte.
Du lengtar etter at eg lærer å skrive Jesus i mitt hjarte og i min kropp.
Eg lengtar etter Kyrkja som har plass til deg ved bordet — saman med Ordet.
Be for meg, kjære Mor, medan eg ventar!

Herren har valt ut Sion,
henne vil han ha til bustad:
«Dette er min kvilestad for all tid,
her vil eg bu, for henne vil eg ha.»
Sal 132,13

Høyr, Maria! Du skal bli med barn og få ein son,
og du skal gje han namnet Jesus.
Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.
Luk 1,31-32a

Og Ordet vart menneske
og tok bustad mellom oss.
Joh 1,14

Tabernaklet Jomfru Maria
Moses kunne ikkje gå inn i teltheilagdomen, fordi skya hadde teke bustad (LXX: ἐπισκιάζω) over teltet og Herrens herlegdom fylte bustaden.
2. Mos 40,35
Den Heilage Ande skal koma over deg,
og krafta frå Den høgste skal skyggja over (ἐπισκιάζω) deg.
Luk 1,35
Both the Ark and the woman appear to be in the heavenly Temple. (Rev 11,19; 12,2)…If Mary is the new Ark, then her body is nothing less than the dwelling place of God on earth.
Brant Pitre: Jesus and the Jewish Roots of Mary, Image / Penguin, New York 2018, s. 55, 61, 63