Da Jesus Kristus ble vår bror, kyrieleis,
da ble Maria vår egen mor,
vår Far ble ham som i himlen bor,
Jesus og Maria.Utdrag frå salme av Børre A. Knudsen (1980), i «Lov Herren», St. Olav forlag, Oslo 2000
Kategori: Jesus
Vår Herre Jesus Kristus — i Herrens mor
Var Jomfru Maria prega av menneskeslekta si synd og skuld då ho fødde vår Herre Jesus Kristus?
Mange trur at Den Heilage Ande let Herrens mor, Jomfru Maria, vere under Guds vreide med ein syndig menneskenatur samstundes som han let vår Herre Jesus Kristus få sin menneskelege natur i hennar morsliv (hos henne tilegner seg den menneskelige natur1).
I Den athanasianske truvedkjenninga vert vi utfordra til å tenkje Jesus sine to naturar heilt til endes.
Ein gong var bein og kjøt skapt «ubesmittet»
I ei av skapingsforteljingane vert Eva teken av eit sidebein frå Adam.
Medan mannen sov, tok Herren Gud eit sidebein og fylte att med kjøt. Av sidebeinet han hadde teke frå mannen, bygde han ei kvinne, og han førte henne til mannen. Då sa mannen:
«No er det bein av mine bein og kjøt av mitt kjøt.
(1. Mos 2, 21-23)
Som mann kan ein kjenne seg litt brydd i møte med ei slik skapingsforteljing…
Lat oss då sjå føre oss korleis det kunne vere i ein særskild heim i byen Nasaret ved byrjinga av vår tidsrekning: Maria sit og held om barnet på fanget sitt. Ho stryk det kjærleg over det vesle hovudet. Med full rett seier ho: «Min Jesus! Min kjære Jesus!» Og etter ei stund held ho fram, i stille undring:
Dette er bein av mine bein og kjøt av mitt kjøt.
Skulle ikkje den siste Eva også få bli boren fram «ubesmittet»?
Jesus som sat på fanget til mor si, og som er i fanget til Far (Joh 1,18), vert rekna for å vere den siste Adam (1. Kor 15,45). Må ikkje Maria då fylle Eva sin plass?
Den første Adam og den første Eva vart skapt «ubesmittet» av synd. Sjølvsagt. Skulle ikkje den siste Eva også få bli boren fram «ubesmittet»? Har Gud ikkje lov å gjere som Han vil med det som er hans? Eller ser vi med vonde auge på at Han er god? [Matt 20,15]
Det gamle testamentet | Det nye testamentet |
Adam: skapt utan synd | Jesus: unnfanga utan synd |
Eva: skapt utan synd | Maria: unnfanga utan synd |
På mitt hjarte — Jesus ifrå Nasaret
Skriv deg Jesus på mitt hjerte,
du min konge og min Gud,
at ei lyst ei heller smerte,
deg formår å slette ut!
Denne innskrift på meg sett:
Jesus ifra Nasaret,
den korsfestede, min ære
og min salighet skal være.Thomas Kingo 1689